|
Her følger noen
dikt fra min
første diktsamling (ikke utgitt) høsten 1999
KJÆRLEIK
I ORD
Kvar skal me
-
etterpå?
Kvar er heimen vår?
Kvar er himmelen?
Der ute?
Nei, me skal visst berre
inn att
-
dit stjernene lyser
i augo våre
Der
er vår heim
-
ikkje i kroppen
-
men i tomrommet
som held molekylane
på plass i dansen
Der bur me alle som ein
-
der er vi saman om skaparverket
Der finn me molekylar og
atomar å dansa med
Gle
deg!
For me skal leika saman att
-
etterpå og
Som
før, som no
-
skal me dansa vidare
-
medan kjærleiken lyser veg
Å,
kor mange røyster
eg høyrde
-
menneske som ville halda meg
borte frå å høyra meg sjølv
Fyrst
då eg valde dei bort
ei for ei
blei du ståande att åleine
og fortelje meg kven eg er
Eg
er deg
-
kjærleiken
min -
Kjærleikssorg
er sorga ein får når ein
oppdagar si frykt for å elske
spegla tilbake til seg
Elsk
den du fryktar
skal såre deg på ny
-
Deg
sjølv -
I
di smerte
kjende eg meg att
naken i hjarta
I
di sorg
fann eg meg sjølv åleine med meg
hudlaus
Vi
lid åleine
sjølv om vi står saman i sorga
Naken
i hjarta
opna døra seg for meg
Eg
let ho opp
innanfrå
denne gongen
Gråten
rann ut
og gav rom for kjærleiken
som var skuva vekk
trengd opp i ein krok
Det
var ikkje plass til kjærleik
før eg våga opna for smerta
og vise ho vegen til døra
Den
sorg som kjem inn
i eit nakent hjarta
må sleppast ut same vegen
ho kom inn
-
med kjærleik
-
Så mjukt var mitt hjarta
-
så roleg mi ro
Berre
kjærleiken
kunne ta meg bort frå kjærleiken
og sidan finne meg att
-
her eg er no
Handa
som fører pennen
skriv ikkje frå meg
den skriv til meg
Ser
du meg?
Eg har heile universet i augo
Sjå, du ser tilbake på deg!
Når du ser det eg ser er me eitt
då treng eg ikkje venta lenger
du er eg og eg er deg
Vi har berre
eitt hjarta
som slår i takt
med
jordas kjærleik
TILBAKE |